HAN-port

​Automatiske straummålarar har ein utgang/port som heiter HAN (Home Area Network).

Her kan du kople til kommunikasjonsløysingar eller smarthus-løysingar som hjelper deg å overvåke, analysere og styre energiforbruket ditt. Mørenett leverer ikkje utstyr som kan koplast til HAN-porten, men andre leverandørar tilbyr slikt utstyr. 

Tekniske løysingar der vår HAN-modul vert fjerna og erstatta med eigen modul frå tredjepart, skal testast og godkjennast av våre målarleverandørar før dei kan nyttast.

Meir informasjon om HAN-port og om tenesteleverandørar til HAN-porten finn du på Norsk Elektronisk Komite (NEK).

 

Slik aktiverar du HAN-porten

HAN-porten er montert like over displayet på målaren. Datatilsynet definerer data frå denne som personopplysingar.

For å få data ut frå HAN-porten må du derfor først aktivere (“opne”) den hos oss.

Slik går du fram

  1. Opne HAN-Port på Di Side

    • Det er krav identifisering med Bank-ID

    • Du kan opne, stenge og bruke HAN, utan kostnad til Mørenett.

  2. Bestill utstyr for straumstyring frå tenesteleverandør

  3. Kople til bestilt utstyr på din straummålar

Utstyr tilkobla open HAN-port på Kamstrup målar

Kundar busett i Stryn må førebels logge inn på Di Side, og sende oss melding/bestilling så ordner vi resten.

 

Bruk av data fra HAN-porten skjer på kundens eget ansvar. Nettselskapet har ikke ansvar for eventuelle tap som følge av bruken, herunder tap som følge av feil eller mangler ved dataene.

Forrige
Forrige

Smart strømmåler

Neste
Neste

Forbruksavgift for elektrisk kraft