Plusskunde

Ønsker du å produsere straum til eige forbruk, og samtidig selge energien du ikkje brukar sjølv, kan du inngå avtale som plusskunde hos Mørenett.

Definisjon

Ein plusskunde produserer straum til eige forbruk, og kan mate overskotskraft (energi du ikkje brukar sjølv) inn på kraftnettet. Innmata effekt kan ikkje på noko tidspunkt overstige 100 kW. Du kan ikkje ha konsesjonspliktig anlegg bak eige utvekslingspunkt eller selje kraft til andre enn kraftleverandøren du har avtale med.

Tekniske tilknytingsvilkår

Du har plikt til å fylle krav til leveringskvalitet i gjeldande regelverk, vi følgjer REN 0340 med vedlegg som standard for tilknytingsvilkår.

Målarutstyr

Du må ha ein målar som kan måle både uttak frå nettet og innmating til nettet. Vanlig AMS-målar dekkjer dette kravet.

Nettleige

Ein plusskunde er både produsent og konsument av energi (prosument). Som konsument betalar du ordinær nettleige. Som produsent får du fritak frå det faste leddet for innmating. Overskotskrafta du matar inn på nettet reduserer tapet i kraftnettet vårt. For det bidraget får du utbetalt eit negativt energiledd. Frå 1. januar 2024 er energileddet -7,2 øre/kWh eks mva om vinteren (1.oktober - 31.mars)

Sal av overskotskraft

Krafta du ikkje brukar sjølv (overskotskraft), kan du selje til ein ekstern kraftleverandør. Du vel sjølv kven dette skal vere, men du kan ikkje ha avtale for sal av overskotskraft og kjøp til forbruk med ulike kraftleverandørar.

Deling av produksjon

Frå 1. oktober 2023 kan kundar på same gards- og bruksnummer dele produksjon, og dermed spare nettleie, mva. og forbruksavgift. Dette legg til rette for at burettslag, fleirmannsbustadar, næringsbygg m.m. kan nytte eigenprodusert energi til å dekke eige forbruk. Ein produsent kan dele overskotssproduksjon frå produksjonsanlegg opp til 1 MW (1000 kW) med andre kunder på same gards- og bruksnummer.

Kundar som ynskjer denne ordninga, kan sende oversikt over produksjonseininga og målepunkt som skal dele produksjonen inkludert fordelingsnøklar som skal nyttast. Oversikta skal inkludere målepunktsID'ar. Det er registrert kunde på produksjonspunktet, som skal sende oversikta til kundesenter@morenett.no. Alle kundar som får tildelt andel av produksjon, må ha avtale med kraftleverandør (sjå avsnittet “Sal av overskotskraft”). Timeverdiar som vert nytta til fakturering vert automatisk justert etter produksjon. Alle kundar må ha AMS målar som kan måle både uttak frå nettet og innmating til nettet.

Kunde på produksjonsanlegget har plikt til å fylle krav til leveringskvalitet i gjeldande regelverk, vi følgjer REN 0340 med vedlegg som standard for tilknytingsvilkår

Du kan finne meir informasjon om Plusskundeordninga hos NVE

Forrige
Forrige

Forbruksavgift for elektrisk kraft

Neste
Neste

Nettleige kraftverk