Farevarsel om ekstremvêr

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om ekstremvêr i Linja sitt nettområde. Eit stormsenter kjem inn Norskehavet mot Trøndelag onsdag kveld og får nordover langs kysten av Trøndelag onsdag kveld. "Ingunn" er venta å gi sørvest sterk storm til orkan på kysten av Nordfjord, Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland onsdag. Det er meldt om sterke vindkast på 35-50 m/s.

Om dette slår til må ein vere budd på potensielt langvarige straumbrot. Vegar kan bli stengde, ferjer innstilt og det er stor fare for skade på bygningar, infrastruktur skog og straumnett. Folk bør tenkje eigenberedskap og gjer heimen klar for straumbrot.

Sørg for at bil og mobiltelefonar er lada, ha tilgjengeleg mat som ikkje treng oppvarming, fyll på med tilstrekkeleg ved, fyrstikker og stearinlys for å nemne noko.


Raudt farevarsel gjeld per tysdag 30. januar for ytre strok av Nordfjord og Møre og Romsdal. Men det er også sendt ut oransje og gult i delar av Møre og Romsdal og Vestland.

Linja er budd på ekstremvêret som er meldt og har oppbemanna driftssentral og montørstab i områda det gjeld. Linja har sett beredskap, føl situasjonen tett og er budd på det som måtte kome.

Lenker

Råd om eigenberedskap

Pågåande straumbrot

Kontakt oss

Kartet viser området som er omfattet av farevarselet. Kilde: met.no

Forrige
Forrige

Synfaring med helikopter

Neste
Neste

Velkommen Tindra Nett