Om nettleige

Nettleiga dekker kostnader til utbygging, drift og vedlikehald av kraftnettet, alt som skal til for å sikre at straumen til ei kvar tid kjem trygt fram til deg. Halvparten av nettleiga består av statlege avgifter

 

Kundegrupper

Nettleigeprisane varierer for ulike kundegrupper.

Årsforbruket er avgjerande for kva nettleigetariff ein får. Ved årsforbruk under 100 000 kWh er dei faste kostnadene i nettet er i hovudsak dekt av kapasitetsleddet som varierer ut frå effektuttak per månad. Ved årsforbruk over 100 000 kWh er fastleddet gitt, og i tillegg kjem eit eige effektledd prisa ut frå timen med høgast forbruk i månaden. Alle kundegrupper har eit energiledd for totalforbruket. I tillegg kjem statlege avgifter, som meirverdiavgift, forbruksavgift og Enovaavgift. Desse avgiftene utgjer halvparten av den totale nettleiga du betalar.

 

Prisinformasjon for næring og private kundegrupper

 

Nettleiga er statleg regulert

Det er staten ved Reguleringsmyndigheten for energi (RME) som kvart år set ei ramme for kor mykje inntekter kvart enkelt nettselskap kan ta inn gjennom nettleiga. Denne reguleringa skal sikre rett pris til kundane og at straumnettet vert utnytta på ein sikker og samfunnsmessig rasjonell måte.

Sjå eiga side for spørsmål og svar

 

Informasjonsartikler

Forrige
Forrige

Ny nettleige

Neste
Neste

Smart strømmåler